Gjermund Larsen Trio
Sted: Dokkhuset Scene
Kategori: Konsert/klubb
Starter: 28.01.2012 kl. 21:00
Gjermund Larsen er ein raus spelemann og komponist som med folkemusikk-Noregs mest elegante strøk lett svingar bogen frå det eine feleprosjektet til det andre. "Det hjarta er fylt med fløymer fela over med" er eit munnhell som kan høve godt på denne unge felespelaren.
Gjermund Larsen har eit uvanleg breitt emosjonelt register i musikken - frå det briljerande virtuose til det milde og sarte. Tonaliteten i det gamle spelet etterHilmar taklar han på ein meisterleg måte, samtidig som han gjerne flørtar med nye stilar og kastar seg ut i improvisasjonar få gjer han etter.