Jon Fredrik Skauge: Dei tapte tinga… Og det som står att

May be an image of 1 person, drink and text
Jon Fredrik Skauge: Dei tapte tinga… Og det som står att
3 mai 2024, 17:00
Litteraturhuset, Sellanraa
Billetter
Other

Då tjuvar tok seg inn på Fannremsgarden i Orkdal var det ikkje berre eit lovbrott. Det var óg eit brott mot husfreden og mot Jon Fredrik Skauge si sjelefred.

I vekene etter innbrotet brukte han mykje tid på å rydde opp i kvart rom, i kvart skap og i kvar skuffe. Han måtte finne ut kva som var borte. I denne prosessen byrja han å skrive ned historiene til tinga.

No er nokre av desse epistlane samla i boka Dei tapte tinga. Den kan inspirere oss til å sette meir pris på dei eldre gjenstandane som me har rundt oss.

 

Me møter Jon Fredrik Skauge i samtale med Daniel Johansen. Dei vil snakke om bakgrunnen for og innhaldet i boka «Dei tapte tinga».

 

Jon Fredrik Skauge (f. 1978) er historikar, bunadstilverkar, kulturformidlar og bonde frå Orkland i Trøndelag fylke. I 2019 fekk han Trøndelag fylkeskommunes kulturpris.

 

Daniel Johansen er førsteamanuensis ved NTNU. Han har PhD i kunsthistorie frå NTNU og underviser i arkitekturhistorie.


Stad: Sellanraa 
Tidspunkt: 3. mai kl. 19 
Gratis inngang. Me ber publikum om å ta ut gratisbillettar for å sikra seg plass til arrangementet.

Portrettfoto: Geir Mogen

Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Newsletter subscription
Powered by