Alf Kjetil Walgermo: Litteratur i Andeby - Donald Duck og bøkene

May be an image of text that says 'ALF ALFKJETILWALGERMO KJETIL WALGERMO LTTERATUR IANDEBY DONALDDUCK DONALD DUCK OG BOEHE'
Alf Kjetil Walgermo: Litteratur i Andeby - Donald Duck og bøkene
16. mars 2026, 18:00
Litteraturhuset, Sellanraa
Billetter

Bli med på eit muntert-vitskapleg foredrag om Donald Duck og bøkene hans!

Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie. Mange nordmenn har lært seg å lese i selskap med historiene frå Andeby. Det gjeld også forfattaren av denne boka. Alf Kjetil Walgermo har skrive ei morosam og analytisk kjærleikserklæring til den hissige, vesle fyren i matrosdrakt. Boka er også ei litteraturhistorie sett med andeblikk.

Donald Duck og venene hans har sett eit formidabelt avtrykk i kulturen vår, i språket, tenkemåten og samfunnsdebatten. Verdslitteraturen har sett eit like formidabelt avtrykk i Andeby. Walgermo tek oss med på ein fornøyeleg og kunnskapsrik rundtur i Andebys litterære verd.

Boka gir deg nye inngangar til Homer, Dante og Shakespeare, og du kan kose deg med alt frå Duckens til Duckensteins monster. Vi får òg innsikt i Donalds strategiar som forfattar og følgjer han både i jakta på ein bestseljar og i den litterære feiden med fetter Anton.

Litteratur i Andeby er ei gransking av vårt kollektive minne, eit nybrottsarbeid og eit varmt forsvar for leseglede!

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) er kjent som forfattar, journalist og litteraturkritikar. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Han er for tida aktuell med boka Litteratur og Andeby - Donald Duck og bøkene. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.

Arrangør: Litteraturhuset i Trondheim

Stad: Sellanraa 

Billettpris: 150/100
 

Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Facebook
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Powered by
MidtbyenVisit Trondheim