Linda Eide: Livet er eit språksjov!

Linda Eide: Livet er eit språksjov!
21. november 2026, 18:00
Trondheim folkebibliotek, Bryggescenen
Billetter
Linda Eide er hekta på språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. Bli med inn i dei språklege fenomena Linda er aller mest oppteken av, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne.

Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå sekundærkrenkt til reinspikka undertrykt. Frå journalistutdanning til oppseiing i NRK.

Dette er ei generell og personleg forteljing om det fascinerande, herlege, latterlege og sjukt irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire-sju: SPRÅKET!

Linda Eide har arbeidd som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er programleiar, forfattar, foredragshaldar og språksjovar. Særleg kjend er ho for Eides språksjov, det prislønte fjernsynsprogrammet som i tolv sesongar gjorde språk til laurdagsunderhalding på NRK.

For deg med festivalpass: Merk at du må reservere plass gjennom å ta ut gratisbilletter i Hoopla til hvert enkelt arrangement. Festivalpass kjøpes her: https://litthustrd.hoopla.no/event/878707578
Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Facebook
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Last ned appen
Last ned fra App StoreTilgjengelig på Google Play
Powered by
MidtbyenVisit Trondheim