Litteraturhuset: Prisutdeling: NTNUs Litteraturpris 2026 - Naturparadokset av Marit Beate Kasin

«Om alle berre skal lese éi bok om klimakrisa, burde det vere denne». Juryen for NTNUs litteraturpris er samstemte i sin konklusjon om Kasins litterære perle Naturparadokset: Om naturen vi mister og hvordan vi kan få den tilbake.
Kasins bok er velskriven, utruleg veldokumentert og godt gjennomarbeidd. Forfattaren viser konkrete døme frå ulike delar av Noreg og varierer mellom avslørande skildringar og faglege diskusjonar. Lesaren ser tydeleg at utviklinga går i feil retning, både på eit lokalt og nasjonalt nivå. Slik vert Naturparadokset ei åtvaring om ein katastrofe på veg til å skje i det sjølvgode, miljøglade Noreg. Slik blir Naturparadokset ei bok som ikkje berre gjer oss merksam på ei miljøkrise vi kanskje ikkje heilt var klare over, men også inspirerer til konkret handling – ei bok som kanskje får oss til å bidra til ei positiv endring i den delen av verda vi bur i.»
Dei andre nominerte
Fylkesføreren av Carl Henrik Grøndahl (Oktober, 2024)
Steinalderen – 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong av Eirin Holberg og Åshild Irgens (Samlaget, 2024)
Jeg er Mariam av Guro Kulset Merakerås og Mariam Rasouli (Kagge, 2024)
Skikkelige folk av Ingar Kaldal (Aschehoug, 2025)
Et Gaza-liv av Marte Heian-Engdal (Kagge, 2024)
Arrangementet er gratis og opent for alle, men ein må hente ut billett i forkant.
Om NTNUs litteraturpris
Prisen er på 20 000 NOK, og vert i år ut delt ut for tiande gong.
Formålet med NTNU Litteraturpris er å anerkjenne eit norskspråkleg, skjønnlitterært eller faglitterært verk skrive av ein nolevande forfattar med tilknyting til Trøndelag, Innlandet eller Møre og Romsdal. Frå 2026 utvidast prisen dermed til å inkluderer faglitteratur ikkje berre frå Trøndelag, men også Innlandet og Møre og Romsdal. Den er òg meint å skulle stimulere interessa for litteratur, så vel skjønnlitterær som faglitterær, og synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til regionane.
Juryen for NTNUs litteraturpris 2026 er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, tidlegare avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Arve Hjelseth, professor ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU, Ida Kørner, ph.d-stipendiat ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Herman Nesse, programkoordinator ved Litteraturhuset i Trondheim, Marthe Vendela Kant, programkoordinator ved Litteraturhuset i Trondheim og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.