Anne-Lise Frøland: Tynne rivner av lys

Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.
På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.
Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer. Anne-Lise Frøland er med denne boka kåra til vinnar av Tarjei Vesaas' debutantpris 2025. Møt forfattaren i samtale med filosof Heine Alexander Holmen.
Anne-Lise Frøland (1993) kjem frå Ålesund og bur i Oslo. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø. Tynne rivner av lys er den første romanen hennar, og med denne har ho vunne Tarjei Vesaas' debutantpris 2025.
Heine Alexander Holmen er filosof og instituttleiar ved Institutt for filosofi og religionsvitskap ved NTNU. Han har fleire gongar vore ein del av panelet i Etikketaten på NRK Radio og har leia en rekke samtaler ved Litteraturhuset i Trondheim.