Blomster av stål

Blomster av stål
21 april 2023, 17:00
Bul-salen
Billetter
Theater / Show

Blomster av stål er ein forestilling av Robert Harling, basert på ei sann historie frå hans eigen familie. Stykket vart skreve i 1987, og filmatisert i 1989 som "Steel Magnolias", med m. a Dolly Parton og Julia Roberts på rollelista.

Handlinga i stykket foregår i ein amerikansk skjønnhetssalong som frisøren Toby Jones og assistenten hans Annelle Dupuy driv etter den strenge leveregelen "There´s no such thing as natural beauty". Sjøl om dei faste kundane møtast for å fikse på fasaden, kjem vi fort under huda på eit knippe kvinner som kvar på sitt vis bærer det det livet kastar på dei. M'Lynn Eaton og den gifteklare dottera Shelby kranglar om det meste, men står saman når det gjeld, og slik er det og med overklasseenke og fotballentusiast Clairee Belcher og den bitre og livstrøyte Ouiser Boudreaux, som hardnakka hevder at det ikkje er noko som feiler henne. Ho har berre vore i dårleg humør - dei siste førti åra. Vi kan lova deg både humor og alvor i Toby´s salong - der det finnes enda ein fast regel: "Her gret ingen aleine". Så la deg rive med og kjenn på Toby sin favorittfølelse: latter gjennom tårar.

Dei som er med : Astrid Lervik Mejdell(Shelby) Runar C Walsø(Toby) Ingrid E Kummeneje (M'Lynn) Kristine M Stornes(Annelle) , Guro K Merakerås (Clairee) Marit Eriksen(Ouiser)

Regi:Marita Rødset

Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Newsletter subscription
Powered by