Laster Arrangementer

« Alle arrangementer

  • Beklager. Denne arrangement har allerede funnet sted.

These are a few of her favourite things

10. nov @ 10.00 - 15.00

|Gjentagende arrangement (Se alle)

«These are a few of her favourite things» inneheld over 300 arbeid av om lag 140 kunstnarar frå 23 land. Dei er alle frå kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg (f. 1955) si smykkesamling, og for aller første gong blir samlinga hennar utstilt offentleg.

Det er rett nok berre eit utval av samlinga på om lag 500 arbeid som blir vist her på Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Utstillinga er ordna kronologisk etter når Veiteberg skaffa seg smykka, og viser korleis ei lidenskapleg interesse har fått utvikle seg gjennom fleire tiår, og blitt til den samlinga av framifrå internasjonal smykkekunst som den no er.

Utstillinga tek utgangspunkt i Veiteberg sin tidlege bruk av smykke på 1960- og 70-talet. Då ho er 15 år, kjem faren heim frå studietur i Finland med eit bronsesmykke frå den velkjende finske smykkeprodusenten Kalevala Koru. Dette er med å vekke interessa og motet til å bere smykke. Ho byrjar å kjøpe eigne bronsesmykke, men no i finsk samtidsdesign. Dette held ho fram med som ung student på 70-talet. Samstundes blir eit sterkt politisk og feministisk engasjement uttrykt med flittig bruk av jakkemerke.

På 1980-talet etablerer Veiteberg seg som kunsthistorikar, og blir allereie på den tida kjend for alltid å bere smykke som utfordrar førestellinga om kva smykke er eller kan vere. I dette tiåret og utover på 90-talet blir ho ein viktig eksponent for norsk smykkekunst. Særskilt fem norske smykkekunstarar blir sentrale: Toril Bjorg, Liv Blåvarp, Sigurd Bronger, Konrad Mehus og Tone Vigeland. Ved at ho følgjer med på, skriv om og diskuterer med desse kunstnarane, blir hennar forhold til smykke utvida. Det blir mindre vesentleg om smykka går an å bera.

Veiteberg er på 90-talet ei av få frilansskribentar som skriv for og om norske kunsthandverkarar. Ho byttar tekstar mot kunst. I 1995 har ho funne kjærleiken på ny og flyttar til Danmark og etablerer seg i eit land tettare på den europeiske scena. Veiteberg skaper seg ein identitet som samlar, og får eit internasjonalt nettverk gjennom smykkekunsten. Naturleg nok begynner ho i større grad å kjøpe arbeid av internasjonale smykkekunstnarar.

I perioden 1998¬–2007 er Veiteberg redaktør for tidsskriftet Kunsthåndverk, noko som ytterlegare styrkar hennar posisjon internasjonalt som teoretikar innanfor kunsthandverk. Parallelt med stadig fleire internasjonale oppdrag, aukar mengda av hennar eigne kjøp. Ulike tema begynner å utkrystallisera seg i samlinga: Perler og diamantar brukt på uhøgtidlege og ukonvensjonelle måtar, brukte og vraka ting som gjennom å bli transformerte til smykkematerial får ny og varig verdi, humor som verkemiddel og smykke som stiller spørsmål til kva eit smykke er (metasmykke), er nokre av desse. Veiteberg utvidar stadig omgrepet smykkekunst, og blir meir bevisst sin eigen identitet som samlar.

Kurator Gjertrud Steinsvåg

Detaljer

Dato:
10. nov
Tid:
10.00 - 15.00
Arrangement Kategori:
Pris:
CC: 110,- / 90,-

Arrangør

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
E-post:

Sted

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
Munkegata 5
Trondheim, Sør-Trøndelag 7013 Norway
+ Google Map
Upassende innhold? Vær snill å rapporter det inn til oss her