-
lørdag, november 20, 2021 12:00 PM

EG ER VINDEN av Jon Fosse. Gjestespill fra Turnéteatret i Trøndelag

Detaljer

Ei forteljing om to venner og ei ufatteleg hending

To nære venner. Dei har delt opplevingar og erkjenningar, ledd saman og vore der for kvarandre så lenge dei kan hugse. Plutseleg vel den eine å avslutte livet.

Når framsyninga startar er dei i ein båt ute på havet, der dei kjempar for å forstå kvarandre og for å skape meining. Kvifor ser dei så ulikt på verda, dei som eingong var så like? Og korleis kan dei setje ord på noko dei ikkje forstår?

Mange blir råka når ein person tek livet sitt, men dette er vanskeleg å snakke om. Samstundes treng vi eit språk for å setje ord på det vi ikkje kan fatte.

Med denne framsyninga vil vi få fram og romme ein vanskeleg og samansett tematikk frå teaterscena. Eg er vinden tek oss med på ei meiningsfylt reise gjennom vennskap og glede som blir fletta i kvarandre, slik livet sjølv faldar seg ut i greiner av hendingar. Det gjev håp og styrke til å setje ord på det uforståelege.

Jon Fosse er ein av dei viktigaste forfattarane i vår tid. Teaterstykka hans er omsett til over 30 språk og blir spela over heile verda. 

 

Mer info
Lagre i kalenderen min
Kategorier
Billetter
295,- / 140,-
Videoer
Arrangører
Sted
Trøndelag Teater
Studioscenen
Prinsens Gate 20
7012 Trondheim

trd.events

Wondering what's going on in Trondheim? Here you will get updates on the Trondheim's cultural life.