Litteraturhuset og Alpaca Ensemble presenterer:
"Eit underliggjande landskap drikk av himmelen"
Ti stader, ti tekster, ti komposisjonar. Komponistane Ellen Lindquist (NO/USA), Eva Holm Foosnæss (NO) og Kristin Norderval (NO/USA) har skreve musikalske responsar til dikt av Margrethe Aas (NO). Utgangspunktet for arbeida er ti fysiske stader, som aktørane har utforska i samarbeid. Resultatet er eit verk som vekslar mellom tekst og musikk gjennom ca 1 time.
Verket blir framført av Alpaca Ensemble (NO), som består av Marianne Baudouin Lie (cello), Else Bø (piano) og Sigrid Elisabeth Stang (fiolin). Margrethe Aas les. Konserten inngår i konsertserien Absolutt Alpaca.
Prosjektet er utvikla med støtte frå Kulturrådet, Norsk Forfatterforening, Norsk Komponistforening, Trøndelag Fylke og Indre Fosen kommune.
Sted: Rådhussalen, Trondheim folkebibliotek
Arrangementet har inngang fra hovedbiblioteket, Kongens gate. Dørene åpner kl. 18.30.
Inngang: 180/120
Foto: Vigdis Haugtrø