Loading Arrangementer

« Alle arrangementer

  • This arrangement has passed.

I blanke messingen

3. nov @ 19.00 - 21.00

|Gjentagende arrangement (Se alle)

Vi er i Sheffield i Nord-England. Vi ser følgjane av Thatcher si rasjonalisering av gruve- og stålindustrien i landet. Kvardagen for folk, som tidlegare hadde jobb, tryggleik og tru på framtida, er grå og kald. Her finnest ikkje jobb lenger. Og inga hjelpetiltak for dei som treng det.

Kva skal ein gjera? Korleis kome seg vidare – ut av gjørma? Er det i det heile teke mogleg?

Og her er vi ved kjerna i haustens store teaterproduksjon:
Teaterlaget i BUL set opp ein musikal som handlar om fem langtidsledige stålarbeidarar frå Sheffield. Dei vert oppildna av den interessa ein Chippemdales-trupp skapar mellom kvinnene på staden. I naud for pengar bestemmer dei seg for å gjere noko tilsvarande.

Men med ein viktig forskjell: å syne fram også det vesentlegaste.
Velkomne til «I blanke messingen»

Historia om dei arbeidledige kamaratatne som får ideene om å settja opp eit strippeshow á lan Chippendales for å kome seg bort frå ein sørgjeleg kvardag, har vore spela med stor applaus over heile verda etter at filmen om gjengen hadde premiere i 1997.

Vår versjon er omsett av Ragnar Olsen (for Hålogaland teater), og er ein røff, bittersøt og svart humoristisk musikal, godt kryddra med feiande flott musikk, song, og dans framførd av eit struttandeensemble på 25 skodespelararog musikarar. I sanning ein musikal med fleire lag.

Detaljer

Dato:
3. nov
Tid:
19.00 - 21.00
Arrangement Categories:
,
Pris:
CC: 290,- / 250,-

Organizer

Teaterlaget i BUL Nidaros
E-post:
Nettsted:
www.bulinidaros.no

Venue

BUL-salen (Gildevangen hotell)
Søndre gate 22B
Trondheim, Sør-Trøndelag 7010 Norway
+ Google Map
Upassende innhold? Vær snill å rapporter det inn til oss her