Kaisa Aglen - Boklansering og open mikrofon

Kaisa Aglen
Kaisa Aglen - Boklansering og open mikrofon
30 mars 2023, 17:00
Litteraturhuset, Sellanraa
Discussion

Velkomen til sleppfest for diktboka "Eit større regn"!

Første del av kvelden vil Kaisa Aglen lese frå boka og samtale med redaktør og poet Martin Ingebrigtsen. Etter pause vil det vere open mikrofon, leia av Mathias Samuelsen, der alle som vil kan lese dikt eller andre korte tekster, på det språket ein vil.

Kaisas tredje diktsamling, "Eit større regn", er ei sterk diktbok om å leve med sjukdom og skade. Tekstene gir innblikk i kor fundamentalt det skiftar synet på verda og ein sjølv, korleis det grip inn i nære relasjonar, og kor sårbar ein vert ovanfor endringar i politikk og samfunn.

Boka er sett opp nesten som scenetekst, der kvart dikt har ei tilhørande info-tekst som presenterer oss for fire ulike stemmer. Stemmene har i seg spennet Kaisa har jobba med, frå insisterande slam-poesi til det meir stillfarande og formmessig eksperimentelle.

Vi vonar den opne mikrofonen vil huse eit slikt stort spenn og vere ein stad der ulike stemmer kan møtast. Dei som berre vil lytte er sjølvsagt også høgst velkomne!

Kaisa Aglen er frå Volda og bur i Trondheim. Ho har tidlegare gitt ut diktbøkene "Kvar i kroppen sit ingenting" og "mellom krig", begge på Det Norske Samlaget.

Martin Ingebrigtsen er poet og redaktør for Det Norske Samlaget. Han har tidlegare gitt ut diktboka "Riv av seg ansiktet" og er no aktuell med "Bukk & Sigd".

Mathias R. Samuelsen er gjendiktar og poet fra Trondheim. Saman med Rune F. Hjemås driver han forlaget Beijing Trondheim.

Stad: Sellanraa
Tidspunkt: 19:00-21:00. Sellanraa held ope til 22.
Gratis inngang. Billettar kan hentast ut via Hoopla.

Foto: Ingunn Moen / Det Norske Samlaget

Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Newsletter subscription
Powered by