Konsert med Bare Folk & Sluppen Grafokordlag

Konsert med Bare Folk & Sluppen Grafokordlag
24. juni 2026, 18:00
Antikvariatet
Billetter

Bergens heilt eigne folkejazzviseduo Bare Folk er allereie kritikarrost og forankra som noko særeige på musikkscenen. I kveld kjem dei til Trondheim og speler på Antikvariatet! Med hjartet og gitaren planta i visesjangeren, og tydeleg inspirasjon frå jazz og folkemusikk, spinn Bare Folk harmoniske, originale melodiar som strekker seg frå melankoli til livsglede. Den urgamle samanhengen mellom lyrikk og musikk stråler gjennom med ny vitalitet i Bare Folk sine solide låtar.


Med seg har dei Sluppen Grafokordlag er eit frittfarande folkefusion-band med eitt bein solid planta i midtnorsk tradisjonsmusikk, og eitt med tærne dyppa i alt frå grunge til visepopp. Bandet kombinerer slåttar, stubbar og salmetonar med eit utval musikalske stiltrekk i ein leiken sound. Med musikarar bevandra i jazzen, folkemusikken, kunstmusikken, punkrocken og kyrkjemusikken byr dei på fengande låtar på trøndersk, prega av ein oppvekst på 90-talet.


Lenke til arrangement: https://fb.me/e/4dkdJ9tUk

Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Facebook
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Powered by
MidtbyenVisit Trondheim