Loading Arrangementer

« Alle arrangementer

  • This arrangement has passed.

Margit Myhr: Stilt trør kvinner i sørgedans

20. nov @ 19.00 - 21.00

I 1349 stengde ein far einaste dottera inne i stabbursloftet på garden. Slik skulle ho overleve svartedauden. I 1733 vart Liv Engebretsdotter avretta som den nest siste i Hallingdal, dømd for å ha teke livet av sitt nyfødde born. I 1862 emigrerte Gro Gudmundsrud 20 år gamal til Amerika for å kunne leve med mannen ho elska. Dette er historier om kvinner som stod åleine med ei maktesløyse det kan vere vanskeleg å setje seg inn i. På kvart sitt vis var dei tvungne til å bryte opp frå alt det vante og kjære og stå einsame i verda. Korleis tenkte dei og kva drøymde dei om?

Margit Myhr er folkemusikar, songar, dansar og skodespelar på heiltid. Ho trakterer ulike strengeinstrument, har hatt fleire engasjement i dansekompania Villniss og Frikar og har i tillegg vore tilsett som skodespelar og dansar ved Västanå Teater i Sverige under 6 produksjonar, til saman over 200 førestillingar, dei siste fem åra.

Detaljer

Dato:
20. nov
Tid:
19.00 - 21.00
Arrangement Category:
Pris:
CC: 200,- / 120,-

Venue

Café Ni Muser
Bispegata 9A, 1. etasje
Trondheim, Sør-Trøndelag 7013
Tlf:
90729133
Nettsted:
http://nimuser.no/

Organizer

TrondheimFOLK
E-post:
Upassende innhold? Vær snill å rapporter det inn til oss her