Midtvegsevaluering - Eira Bjørnstad Foss

Eira Bjørnstad Foss
Midtvegsevaluering - Eira Bjørnstad Foss
27. april 2026, 13:30
Kammersalen, Olavshallen
Eira Bjørnstad Foss er fiolinist og stipendiat i kunstnarisk utviklingsarbeid ved NTNU. Ho arbeider med eksperimentell musikk, klassisk samtidsmusikk og improvisasjon, og er aktiv i ensemble som Tøyen Fil og Klafferi, SiTron og Trondheim Jazzorkester. Ho har mastergrad i utøvande musikk frå NTNU, der ho fordjupa seg i modernistiske uttrykk.

Som del av det pågåande ph.d.-prosjektet hennar, «Performer-Curator», vil Foss presentere forskinga og vise fram nokre utvalde kunstnariske resultat. Direktør og kunstnarisk leiar for Ultima-festivalen, Heloisa Amaral, er invitert som fagleg responsgivar.

I «Performer-Curator» leitar Foss etter nye former for presentasjon og kontekstualisering av musikalsk materiale. Prosjektet undersøker også korleis ein som kunstnar kan skape ein praksis på sida av dei eksisterande hierarkiske maktstrukturane i musikkfeltet. Som eit resultat av dette arbeider ho med soloprosjektet «Eiras kiosk», ein serie med mindre konsertar, lydinstallasjonar o.l. som blir annonserte kort tid i førevegen og dukkar opp på stadig nye stader.

Gratis inngang.
Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Facebook
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Powered by
MidtbyenVisit Trondheim