Poesi over kommunenoreg: Bjørkmo og Kihl

Poesi over kommunenoreg: Bjørkmo og Kihl
21 november 2019, 18:30
Litteraturhuset, Sellanraa
Billetter
Jens Kihl og Kjersti Bjørkmo har båe gjeve ut bøker om norske kommunar i haust, men med eit forbløffande likt utgangspunkt går bøkene i svært ulik retning. Bjørkmo skriv dikt med utgangspunkt i det fascinerande store og mangfaldige tilfanget av kommuneslagord i boka Hadde du bodd her hadde du vært hjemme nå. Kihl tek oss med på ei reise gjennom Noreg med nokre stopp i utvalde kommunar i Dette er også Noreg. Kommunal feelgood, og skriv ut frå dette om politikk, historie, problem og ljospunkt i den norske kommunen. For fyrste gong står desse kommuneentusiastane på same scene. Velkomen til ein kommunal kveld!

Kjersti Bjørkmo vart fødd på Vestvågøy i Lofoten, er oppvaksen i Tromsø og bur no i Oslo. Ho er lyrikar og fast spaltist i Tidsskriftet Samtiden. Ho debuterte i 2014 med diktsamlinga Jeg har prøvd å bli venn med dyrene. Hausten 2019 er ho aktuell med si andre diktsamling Hadde du bodd her hadde du vært hjemme nå som tek utgangspunkt i kommuneslagord. Med sitt poetiske sveip gjennom kommunenoreg og undersøkjande blikk på slagordspråket har boka hausta brei omtale og gode kritikkar.

Jens Kihl kjem frå Oslo. Han har vore nestleiar i Noregs Mållag og journalist i Klassekampen og arbeider no som kommentator i Bergens Tidende. Dette er også Noreg. Kommunal feelgood er den fyrste boka hans.

Arrangør: Nidaros Mållag

Foto: Bård Bøe/Paal Audestad
Sted
Litteraturhuset, Sellanraa
Kongens gate 2 Trondheim 7011
Arrangører
Litteraturhuset i Trondheim og Nidaros Mållag
http://www.litteraturhusetitrondheim.noinfo@litteraturhusetitrondheim
Del
Lagre
Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Newsletter subscription
Powered by