Dette arrangementet har passert
søndag, juni 5, 2022 3:30 PM - 5:30 PM

Skjønnheten og udyret, tidlig forestilling søndag

Detaljer
«Skjønnheten og udyret» er eventyret om den overfladiske prinsen som vert forheksa. Han må sjå ut som eit udyr heilt til han finn nokon som elskar han trass i at han ser fæl ut. Ein dag kjem det det ei modig og vakker jente til slottet hans.

Historia er mest kjent i Disney sin versjon, men er opphavleg eit fransk eventyr, La Belle et la Bête. Forestillinga vår er basert på denne gamle historia.

Vi møter magi og kjærleik, ein syngande landsby, eit forheksa slott, ein snill far, slemme systrer og ikkje minst ei heltinne som vågar å møte det ukjende med opent sinn. Og korleis går det med udyret, eller prinsen? Kom på Sommarteater på Munkholmen og sjå!

Teaterlaget i BUL Nidaros satte opp si utgåve av Skjønnheten og udyret fyrste gong i 2010 og no gler vi oss til å la ein ny generasjon unge og vaksne skodespelarar slå seg laus i eventyret.

Manus og regi: Ingrid Elisabeth Kummeneje Musikk: Øyvind Jo Heimdal Eik/Sunniva Hovde

Vi speler i tårnet på Munkholmen 3.- 24. juni.
Måndag-fredag kl 18.30
Søndager kl 15.30 og kl 18.30
Inga framsyning laurdag.
Mer info
Lagre i kalenderen min
Billetter
Vanlig
kr 285,-
Redusert
kr 185,-
Arrangementet på Facebook
Arrangører
Sted
Munkholmen
Inne i tårnet på Munkholmen
Munkholmen
Trondheim

trdevents.no

What's going on in Trondheim. Calendar with concerts, festivals, shows, art houses, theaters, debates and more things! This year's events can be found here.