Laster Arrangementer

« Alle arrangementer

  • Beklager. Denne arrangement har allerede funnet sted.

Sommarutstillingane på Bjerkem

23. jun @ 13.00 - 16.00

|Gjentagende arrangement (Se alle)

Utstillingar, gårdsutsalg og gourmetrestaurant på Kulturgården Bjerkem sommaren 2018

  1. juni – 17. august er sommarutstillingane på Kulturgården Bjerkem i Steinkjer opne. På Gammel-lavin stiller den Oslo-baserte kunstnaren Ingela Adamson ut «Dyreliv». På gården er det mange storfe frå før, men med Adamson sine teikningar, blir det eit langt meir mangfaldig dyreliv vi møter på gården. Kunstnaren med utdanning frå Nyckelviksskolan i Stockholm og Göteborgs kunstskola set fuglar, dyr og insekter inn i ulike rammer i si 14. seperatutstilling.

På Bunadburet møter vi 22 dokker i rekonstruerte bunader. Dokkene er i halv-menneske-storleik, og vi møter både trøndarar, vestlendingar og østlendingar. Det har vore sommarutstilling på Bunadburet kvart år sidan 1996, og dette er den første etter at Berit Bjerkem fekk kongens fortenestemedalje for sitt registrerings- og rekonstruksjonsarbeid med gamle klesplagg i vinter.

Gourmetrestauranten Experience er som vanleg open for bordbestilling fredagar og laurdagar i utstillingsperioden, og gründaren og meisterkokken Kim Tore Sjøbakk lover 14 rettars middagar med ureist og kortreist, rein og økologisk mat. Hans tidlegare sjef Gordon Ramsey har tidlegare uttalt at Trøndelag har den mest velsmakande maten i verda, og dette var ein tungtvegande grunn for Kim Tore når han flytta heim.

Vi er svært glade for å presentere eit innhaldsrikt og variert sommarprogram i år, seier eigarane av gården Torunn og Johan Einar Bjerkem, som også har gårdsutsalg av eigenprodusert mjøl av gamle kornsortar i regi av Gullimunn.

Opningstidene for utstillingane er 13.00 – 16.00 på kvardagar, eller etter avtale. Inngang kr. 70,-.

På opninga 17. juni klokka 13.00, speler orkestret «Tjukke slekta», med Einar Olav Larsen i spissen.

Detaljer

Dato:
23. jun
Tid:
13.00 - 16.00
Arrangement Kategori:
Pris:
CC: 70,- / 70,-

URL arrangement

Mer info:
http://bjerkem.com/
Billett-link:
http://bjerkem.com/

Arrangør

Kulturgården Bjerkem
E-post:
Nettsted:
bjerkem.com

Sted

Bjerkem, Steinkjer
Såseggvegen 399
STEINKJER, 7718 Norway
+ Google Map
Nettsted:
bjerkem.com
Upassende innhold? Vær snill å rapporter det inn til oss her