Streif & Strøk @KonsertGalleriet

Streif & Strøk @KonsertGalleriet
20 mai 2019, 17:00
Cafe Ni Muser
Concert
Mandag d. 20. mai kl. 19 blir det folkemusikk i KonsertGalleriet!Streif & Strøk er ein trondheimsbasert folkemusikktrio med eit fargerikt musikalsk univers. Der finst det både rytmiske svev og dansbare takter, mørke harmoniar, humor og improvisasjon – på ein og same stad.Medlemmane har følgt ganske ulike trasséar fram til vegane endeleg kryssa kvarandre. Eiliv har over tid turnert rundt på ulike kontinent og latt felefingrane få fatt i folkemusikk i kollaborasjonar med lokale musikarar der han har vore. På ei av utfluktene møtte han Joel, som seinare flytta til Trondheim og byrja å studere musikkteknologi.Joel er frå Sverige, men har fått tak på perkusjonsinstrument frå mykje lengre unna enn som så. Med dei fargar han både lyd- og scenebildet. Eiliv og Daniel møttest først i spelmannslagsmiljøet i Trøndelag – trass opphav i nabobygder på Sunnmøre. Daniel er snart uteksaminert frå konservatoriet i Trondheim som trekkspelar og har lirt av seg ei mengde av både klassisk musikk, tango, gammaldans og anna snadder – og ikkje minst Streif og Strøk si eiga spesialblanding.Streif & Strøk består avJoel Vide Hynsjö (perkusjon),Eiliv Andreas Myren Ribe (fele)Daniel Falcon Græsdal (trekkspel).
Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Newsletter subscription
Powered by