The Brørs // Ila Brainnstasjon

The Brørs // Ila Brainnstasjon
20 september 2019, 18:00
Ila Brainnstasjon
Concert
Gled deg til ein annleis konsertkveld når einmannsbandet The Brørs, med Ila-bygg Sigurd Brørs i spissen, gjestar Brainnstasjonen for å synge (og snakke litt) om dei første månadene som nybakt pappa.

Sjangergryta Pappapop er stor og generøs, og musikken Sigurd laga i perioden vart like variert som stemningsskifta i pappakvardagen: Lykke og stoltheit kom ut som kjapp og humørfylt powerpop. Nye realitetar med uvant ansvar og tidsklemme resulterte i meir mollstemte tonar. Ettertanke og takknemlegheit vart til vakker «vaksenmusikk».

Lytt deg opp på førehand med plata «Pappapop» på Spotify: http://bit.ly/TheBroers-Pappapop
The Brørs debuterte i 2016 med det 13 låtar lange videoprosjektet Sesong 1, som du kan sjå på YouTube: http://bit.ly/broers-sesong1
Heimeside: broers.no
Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Newsletter subscription
Powered by