Anders Totland - Til døden skil oss

May be an image of 1 person, beard, gingerbread cookie and text
Dette arrangementet har passert
Anders Totland - Til døden skil oss
28 august 2024, 17:00
Trondheim folkebibliotek
Billetter
Lecture

Anders Totland kjem til Trondheim folkebibliotek!

Han har gjeve ut 17 bøker på 9 år, har besøkt rundt 2500 skuleklassar over heile landet, og er ifølgje Aftenposten kanskje sin generasjons mest allsidige forfattar. Då "Til jord skal du bli", romanen om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul, kom ut i 2022 gjekk boka rett inn på den nasjonale bestseljarlista, blei selt til fleire andre land - og skal i tillegg bli film. No er Anders Totland klar med det forlaget kallar ein nokså frittståande oppfølgjar - Til døden skil oss.

Det er ei veke til bygdas nye prest Maria skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brudepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, som viser seg å vera ein handfull. Men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at Gjertrud er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne. Det hjelper heller ikkje at helsa til Jacob skrantar. Det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljeglinsande lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyde barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, då.

Det er humor, spenning og varme, sydd saman til ei burlesk historie der alt kan skje.

Om forfattaren: 
Anders Totland vaks opp på Bømlo, og bur no på Valen i Kvinnherad.
Debuterte som forfattar med barneboka Vampyrane i eplehagen i 2015, og har sidan gjeve ut bøker i dei aller fleste sjangrar.
Den første ungdomsromanen hans, Engel i snøen (2016), vann Nynorsk barnelitteraturpris, og for neste bok, Så lenge ingen ser oss (2017), fekk han tildelt Ordknappen.
Den første sakprosaboka, Den norske slavehandelen (2018), blei nominert til Kulturdepartementets fagbokpris.
Er i år aktuell med to nye bøker: Vaksenromanen Til døden skil oss og barneromanen Gunnars rekordbok, som er nominert til Bokslukerprisen.

Foto: Helge Skodvin

Sted
Trondheim folkebibliotek
Peter Egges plass 1, 7011 Trondheim, Norge
Notater: Rådhussalen
Arrangører
Del
Lagre
Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Newsletter subscription
Powered by