Fridtun & Jordahl: Kvinner i Håvamål og Alle kvinners blad

Kristin Fridtun and Jenny Jordahl and their books
Dette arrangementet har passert
Fridtun & Jordahl: Kvinner i Håvamål og Alle kvinners blad
5 mars 2024, 18:00
Trondheim folkebibliotek
Billetter
Quiz
Lecture
Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad og pensum i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, og då les vi som regel ei tekst skriven av ein mann, for Håvamål-omsetjarar flest er menn. Har det noko å seia?
I boka Klok kvinne eller digg dame? granskar filolog og forfattar Kristin Fridtun tjueåtte skandinaviske omsetjingar av diktet, og ho meiner at svaret er ja.
Ta figuren Billings møy, til dømes: Er ho ikkje påfallande pen i mange av omsetjingane? Og litt vel lettkledd i illustrasjonane?


Gullalderen for omsetjing av eddadikt var tiåra før og etter 1900. Til å kasta lys over kvinnesynet i denne perioden har Fridtun fått med seg illustratør og forfattar Jenny Jordahl.
Hausten 2022 kom Jordahl med boka Er jeg snerpet? Det beste fra Alle kvinners 1938. Her dykkar ho ned i den fyrste årgangen av det populære bladet Alle kvinners blad. Det er lett å dra på smilebandet av venleikstips, portrett og intervju frå ei tid då det vart stilt ganske andre krav til kvinner. Men er det ikkje noko av det som verkar litt for kjent?


Fridtun og Jordahl held kvart sitt innlegg og tek imot spørsmål frå salen.
Så blir det quiz med gjæve premiar.
Sted
Trondheim folkebibliotek
Peter Egges plass 1, 7011 Trondheim, Norge
Notater: Kulturtorget
Arrangører
Del
Lagre
Kontaktinformasjon
Trondheim Management
Nordre gate 10, 7011 Trondheim
+47 993 54 000
Org. nr 995 860 465
Newsletter subscription
Powered by