Utstillingsåpning: Rettstegninger av Esther Maria Bjørneboe

Sommerutstilling opnar søndag 21 juni kl 14,
med kunstnersamtale kl 14 mellom rettsteiknar Esther Maria Bjørneboe og kunsthistorikar og konservator ved Justismuseet Eva Furseth.
Av rettsteiknarar som aktive i dag står Esther Maria Bjørneboe i særklasse. Ho er kjent for stor portettlikskap og evna til å fange stemninga i rettssalen. Bjørneboe er også kjend som målar, og er innkjøpt til fleire sentrale samlingar.
Paragraf § 131 i Domstollova slår fast at det ikkje er lov til å fotografere under rettsmøte. Samstundes gir forskrifta av 15.11.1985 heimel for å fråvike dette forbodet. Det
er denne fortolkinga som gir rom for rettsteikning, som er eitt av dei siste felta der teikning framleis ikkje kan erstattast av fotografiet. Ei god rettsteikning vert som ein essens av det som utspeler seg i salen.
Billettkjøp ved ankomst